Om stillinga
Vang kommune har ledig læreplass som barne- og ungdomsarbeidar i frå hausten 2023.
Vi har ein ledig lærlingplass igjen i etat for Utdanning og kultur. Som lærling hjå oss vil du få arbeidserfaring frå både barnehage og skule.
Lærlingar har rettigheitar og plikter som andre arbeidstakarar. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring på arbeidsplass går du opp til ei fagprøve.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsstadar
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du etter endt utdanning og læretid kunne få arbeid i til dømes; barnehager, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.
Sentrale arbeidsområde for barne- og ungdomsarbeidar er:
I opplæringa vert det lagt tilrette for varierte arbeidsoppgåver og saman med din rettleiar skal du ta del i:
- planlegging, ledelse, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktiviteter for barn og unge
- tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkeltes funksjonsnivå og livssituasjon
- bruk av forming, sang, lek, musikk, litteratur og drama i daglige arbeid
- kommunikasjon med mennesker med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
- samarbeid med barn og unge, foresatte, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- grensesetting, konfliktløysing og å være ein tydeleg vaksenmodell
Barne- og ungdomsarbeidaren vil og få kunnskap om mennesker og om kva som påverkar menneskers atferd og livssituasjon.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!