Frist utløpt

Vang kommune har to ledige lærlingplassar for helsefagarbeidarlærlingar ved Etat for helse og omsorg frå hausten 2024.

Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt, og får arbeidserfaring frå fleire deler av etaten. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring går du opp til ei fagprøve.

Aktuelle arbeidsstadar:
Som helsefagarbeidar kan du få arbeid i tilrettelagte tenester, på dagsenter, sjukeheimen og i heimetenesta.

 

Arbeidsoppgåver

Ein helsefagarbeidar gjev omsorg, og utfører grunnleggjande pleie til menneske som er sjuke eller har behov for pleie og omsorg. Det er både yngre og eldre menneske, i og utanfor institusjon.

  • Planlegge og gjennomføre grunnleggjande pleie for akutt eller kronisk sjuke og menneske med samansette og komplekse behov
  • Setja i gang førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde
  • Dokumentere forhold om pasienten i elektronisk pasientjournal
  • Assistere ved forflytting og trening for å halde oppe funksjonsnivået til brukaren
  • Bruke tilgjengeleg velferdsteknologi som til dømes tryggleiksalarmar, lokaliseringsteknologi (GPS) og elektroniske medisindispenserar
  • Lage måltid og kartleggje ernæringssituasjon
  • Dele ut medisinar etter gjeldande rutinar
  • Miljøretta tiltak og aktivitetar


Lærlingar har rettigheiter og plikter som andre arbeidstakarar. Du har rett til å få den opplæringa som læreplanen fastset, og plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid.

Kvalifikasjonar

Du er velkomen til å søke læreplass i Vang kommune om du tilfredsstiller desse krava:

  • Har fullført VG1 og VG2 innan relevant lærefag, eller bestått innan oppmelding til fagprøve
  • Er motivert
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Karakterar og fråvær vil inngå i vurderinga, men er ikkje aleine avgjerande for om du får læreplass
  • Ved tilsetting må politiattest leggast fram.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode haldningar til folk, faget og til å samarbeide med andre
  • Du er ansvarsfull og pliktoppfyllande
  • Me ynskjer også at du er åpen, fleksibel, samarbeidsvillig, sjølvstendig og ansvarsbevisst. 

Vi tilbyr

  • Midlertidig tilsetjing i Vang kommune i to år
  • Løn som lærling etter KS tariff
  • Gode og inkluderande fagmiljø
  • Kvalifiserte instruktørar/rettleiarar
  • Delta på interne og eksterne kurs
  • Personleg rettleiing
  • Hjelp til jobbsøk
  • Eit hyggeleg læringsmiljø

Tilbod om fast stilling når du blir autorisert som helsefagarbeidar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Er du vår nye festivalsjef?

Vinjerock
Søknadsfrist: 24. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye festivalsjef?

Er du vår nye fjellpromotør?

Tyin-Filefjell
Søknadsfrist: 26. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye fjellpromotør?

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Programrettleiar - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Programrettleiar - 100 % fast stilling

Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24