Frist utløpt

Vang kommune har ledige lærlingeplassar frå hausten 2023, og er klare for gje nye lærlingar sjansen til å bli helsefagarbeidar. Vi har 2 lærlingeplassar for helsefagarbeidar.

Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt og tek delar av utdanninga di på ein arbeidsstad i kommunen. Lærlingar har rettar og plikter som andre arbeidstakarar. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurdering undervegs i læretida. Etter endt opplæring på arbeidsplassen går du opp til fagprøve.

Aktuelle arbeidsstadar
Som helsefagarbeidar kan du få arbeid i tilrettelagte tenester, på dagsenter, sjukeheimen og i heimetenestane.

Arbeidsoppgåver

Ein helsefagarbeidar gjev omsorg, og utfører grunnleggjande pleie til menneske som er sjuke eller har behov for pleie og omsorg. Det er både yngre og eldre menneske, i og utanfor institusjon.

Sentrale arbeidsområde for ein helsefagarbeidar er:

- Planlegge og gjennomføre grunnleggjande pleie for akutt eller kronisk sjuke og menneske med samansette og komplekse behov
- Setja i gang førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde
- Dokumentere forhold om pasienten i elektronisk pasientjournal
- Assistere ved forflytting og trening for å halda oppe funksjonsnivået til brukaren
- Bruke tilgjengeleg velferdsteknologi som til dømes tryggleiksalarmar, lokaliseringsteknologi (GPS), elektroniske medisindispenserar
- Lage måltid og kartleggje ernæringssituasjon
- Dele ut medisinar etter gjeldande rutinar
- Miljøretta tiltak og aktivitetar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Vang kommmune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 24. jun 2024
Les mer om stillingen Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Vang kommune
Søknadsfrist: 25. jun 2024
Les mer om stillingen Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24