Frist utløpt

Vang kommune har ei 100 % fast stilling som økonomi - og stabsmedarbeidar ledig i Staben frå april/mai 2024. 

Staben held til i kommunehuset i Vang (pt midlertidig kommunehus i Synshagen medan kommunehuset er under ombygging). Stillinga er plassert i stabsområdet for HR, økonomi og støttefunksjonar i Vang kommune. Avdelinga består av ca 8 årsverk. Vi har ansvaret for kommunen sine sentrale rekneskapsfunksjonar, koordinering av kommunen sine økonomiprosessar, HR, arkiv, møtesekreteriat og servicetorg mm. 

Stillinga innehar hovudvekta av arbeid knytt til økonomi/rekneskap, men også ein del andre oppgåver støttefunksjonsoppgåver. 

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Vi tilbyr: 

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Arbeidsoppgåver

Oppgåver knytt til økonomi/rekneskap:

  • Oppgåver relatert til økonomiforvaltning og rekneskap
  • Behandling av inn - og utbetalingar
  • Fakturering
  • Distribusjon av faktura innad i kommunen
  • Kundekontakt 

Andre oppgåver:

  • Systemansvar for ulike digitale system 
  • Arkivarbeid ved behov
  • Skjemaredigering/design
  • Kommunikasjonsarbeid, m.a. arbeid knytt til heimeside/intranett
  • Arbeid knytt til teknisk etat: vassmålarar, gebyr og arbeid i KomTek mm
  • Det kan bli aktuelt med arbeidsoppgåver knytt til HR/personal
  • Andre merkantile tenester
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Innhaldet i stillinga kan tilpassast noko etter interessefelt og kvalifikasjonar, men det er ein føresetnad at du både likar og er god i digitale system.

Me arbeidar pt i system som Visma Enterprise, Acos, Websak, KomTek mm

Kvalifikasjonar

  • Gjerne relevant utdanning. God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
  • Gjerne erfaring frå økonomi/rekneskap
  • God talforståelse
  • Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert 
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig
  • God skriftleg framstillingsevne

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24