Frist utløpt

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Me ynskjer å tilby ei kombinasjonsstilling som organist og trusopplærar. Det er og mogleg å søke på berre ei av stillingane, men dette må komme tydeleg fram i sjølve søknaden.

 

Det er ledig stilling som organist i 60 % frå 01.05.2024

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, fleksibilitet i arbeidet, eit godt arbeidsmiljø og i tillegg; eit variert lokalt musikkmiljø. Organisten går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.

Aktuelle arbeidsoppgåver  

  • Lede og videreutvikle det kyrkjemusikalske livet i meinigheita
  • Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tett samarbeid med soknepresten og den øvrige staben
  • Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skulen i Vang
  • Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
  • Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
  • Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
  • Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
  • Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
  • Kjennskap til norsk gudstjenestetradisjon og liturgi
  • Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge

Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel. 

Det er og ledig stilling som trusopplærar i 20 % frå 01.05.2024

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon med trusopplæring i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Trusopplæraren går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med trusopplæringsplanen vår
  • Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
  • Publisering og markedsføring
  • Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom

Følgande punkt gjeld begge stillingane

Personlege eigenskapar:

  • Du har initiativ og gjennomføringskraft
  • Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne til å motivere, inkludere og sjå frivillige som en viktig ressurs
  • Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
  • Du trives med kvelds- og helgejobbing

Særskilte krav:

  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
  • Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
  • Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
  • Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd

Me kan tilby:

  • Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
  • Eit godt arbeidsfellesskap
  • Løn etter KA’s tariffavtale
  • Medlemskap i KLP pensjonsordning
  • 6 månaders prøvetid

Personleg eignaheit blir vektlagt.     

Annet

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
  • Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no

 

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter, innan 1.april 2024.

Me ynskjer og å opplyse om at det blir utlyst ei stilling iløpet av våren som dirigent for brassbandet Fjellblom musikklag, med inntil 20% stilling.
Ved spørsmål vedrørende stillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86 731

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24