Frist utløpt

Om stillinga

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som pedagogisk leiar f.t. i Høre barnehage. Stillingane er ledig frå 01.08.2023. Vikariatet har varigheit barnehageåret 23/24.

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?

Til fast stilling ligg det flyttegodtgjersle og redusert husleige som rekrutteringstiltak, etter kommunen sine retningslinjer. Me kan også hjelpe til med å skaffe bustad.

Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24