Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som saksbehandlar/konsulent ved Staben. Stillinga innehar hovudvekta av arbeid knytt til politisk møtesekreteriat,  kommunikasjon, personal/HR-arbeid og saksbehandling, i tillegg kjem ein del andre støttefunksjonsoppgåver. Dette er ei spennande og variert stilling, og du har moglegheit til å påverke din eigen arbeidskvardag. 

Me søkjer deg som er positiv, løysingsorientert, god på data og system, flink til å samarbeide, effektiv i arbeidet og har god arbeidskapasitet. 

Me held til på kommunehuset i Vang (pt midlertidig kommunehus i Synshagen medan kommunehuset er under ombygging). Staben består av 9 tilsette og me har ansvaret for kommunen sine sentrale støttefunksjonar, som løn, regnskap/økonomi, HR/Personal, arkiv, møtesekreteriat, servicetorg mm.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Me tilbyr: 

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Arbeidsoppgåver

 

  • Politisk sekreteriat for alle råd og utval. Du vil ha ansvar for innkalling, utsending av sakslister og protokoll, møtebooking og anna relatert arbeid. 
  • Kommunikasjon/informasjonsarbeid, både på strategisk og praktisk nivå
  • Personal/HR 
  • Saksbehandling
  • Skjemadesign/utviklingsarbeid
  • Diverse prosjektarbeid kan bli aktuelt
  • Medansvarleg rundt gjennomføring av val
  • Oppgåver knytt til digitalt arkiv
  • Andre merkantile tenester
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Gjerne relevant utdanning
  • God erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
  • Gjerne erfaring frå nokre/alle fagområda
  • Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
  • God skriftleg og munnleg framstillingevne
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert 
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Vang kommmune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 24. jun 2024
Les mer om stillingen Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Vang kommune
Søknadsfrist: 25. jun 2024
Les mer om stillingen Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24