Frist utløpt

Vang folkebibliotek søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i perioden 17. juni – 11. august i 66% stilling.
Biblioteket ligg på Vangstunet i Vang sentrum, og har ingen filialar, men Bok i butikk på Tyinkrysset og i Ryfoss. Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.

To kveldar i veka er det arbeidstid til 19.15.

Kvalifikasjonar

-          Fylt 18 år
-          Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
-          Personlig eignaheit vert vektlagt. Stillinga krev gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein medarbeidar som har
-          Erfaring og interesse for bibliotekarbeid
-          Er levande oppteken av litteratur og formidling
-          God kompetanse i bruk av digitale verktøy
-          God orden 

Vi tilbyr

-          Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
-          Grundig opplæring i bibliotekdrift
-          Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor

Nærare opplysningar om stillinga kan du få av biblioteksjef Marianne Riste på tlf. 932 49 763.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Er du vår nye festivalsjef?

Vinjerock
Søknadsfrist: 24. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye festivalsjef?

Er du vår nye fjellpromotør?

Tyin-Filefjell
Søknadsfrist: 26. mai 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye fjellpromotør?

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia - 2 gongs lysing

Programrettleiar - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. mai 2024
Les mer om stillingen Programrettleiar - 100 % fast stilling

Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Saksbehandlar/konsulent - Politisk sekreteriat/kommunikasjon/HR - 100 % fast stilling ved Stab

Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 29. mai 2024
Les mer om stillingen Stabsmedarbeidar - Service, kommunikasjon og løn/økonomi - 80 % fast stilling

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24