Frist utløpt

Vang kommune har ledig 80 % fast stilling som stabsmedarbeidar. Arbeidet er primært knytt til arbeid ved sentralbord/servicetorg, og andre stabsoppgåver relatert til løn, økonomi, arkiv og informasjonsarbeid. Dette er ei spennande og allsidig stilling som gir deg ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag! 

Me søkjer deg som er serviceorientert og nøyaktig, god på kommunikasjon og samhandling, glad i å arbeide med data og system, og som har god arbeidskapasitet.

Me held til på kommunehuset i Vang (pt midlertidig kommunehus i Synshagen medan kommunehuset er under ombygging). Staben består av 9 tilsette og me har ansvaret for kommunen sine sentrale støttefunksjonar, som løn, regnskap/økonomi, HR/Personal, arkiv, møtesekreteriat, servicetorg mm.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Me tilbyr: 

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb der ein får arbeide med «heile organisasjonen»
  • Fleksibel arbeidstid (begrensa fleksitid på faste dagar ved sentralbord/servicetorg)
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter avtale/tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • I Vang er det godt å bu! (sjå mange fordeler nedst i annonsen)
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

 

Arbeidsoppgåver

  • Sentralbord/servicetorg (40-50 % stilling)
  • Postmottak mm
  • Oppgåver knytt til løn
  • Oppgåver knytt til digitalt arkiv
  • Økonomi/fakturaoppgåver
  • Medansvarleg rundt val
  • Oppgåver knytt til informasjonarbeid
  • Personaloppgåver kan bli aktuelt
  • Andre merkantile tenester
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Gjerne relevant erfaring
  • Gode digitale kunnskapar, systemforståelse og interesse for IKT
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert 
  • God talforståelse og interesse for tal/økonomi
  • Nøyaktig og deltaljfokusert
  • Nysgjerrig på system og opptatt av utvikling og av å finne gode effektive løysingar
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig
  • God skriftleg framstillingsevne

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Screenshot 2015-03-04 11.09.41.png

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Vang kommmune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 24. jun 2024
Les mer om stillingen Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Vang kommune
Søknadsfrist: 25. jun 2024
Les mer om stillingen Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24