Frist utløpt

Tilrettelagte tenester har behov for tilkallingsvikarar i tenesta, behovet kan vere på kort varsel eller for litt lengre periodar. Her kan du arbeide mykje eller lite - i stor grad etter eige ynskje. Stillingprosent er ikkje fastsett, vert etter behov.
Me vil ta kontakte aktuelle kandidatar etterkvart som søknadane kjem inn.

 

Arbeidsoppgåver

  • Praktiske og faglege arbeidsoppgåver tillagt den enkelte, i samarbeid med fagansvarleg og næraste leiar.
  • Utøve målretta miljøarbeid. Gjere seg kjend med og opptre slik at eigen praksis tilfredsstiller gjeldande lover, reglar og normer.
  • Vere lojal overfor vedtak og tiltak.
  • Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid.
  • Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6.
  • Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting.
  • Dokumentere etter gjeldande lover og reglar.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis helsefagarbeidar, men andre kan også søkje
  • Gode samarbeidsferdigheiter.
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa.
  • Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er tillitsskapande og innkluderande. Du er stabil, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du er motivert, engasjert og strukturert, og søkjer eigen kunnskap innanfor fagfeltet.
  • Du kan samarbeide, men likevel arbeide sjølvstendig.
  • Du evnar å sjå gevinsten av tverrfagleg samarbeid, og andre samarbeidsinstansar.
  • Du er tålmodig og evnar å sjå det individuelle behovet for å nå målsettingar.
  • Du likar å arbeide med menneske og skapar lett tillit hjå andre.
  • Tidlegare erfaring i arbeid med ulike diagnosar.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar. 
    Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
    Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. 
    Ved intern tilsetting kan andre tilsvarande stillingar verte tilbudt.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24