Frist utløpt

Me ynskjer å tilby studentar innan desse studia eit utdanningstipend på kr. 120.000 og garanti om fast stilling etter endt studie, med ei bindingstid på 2 år. 

Vang kommune har oppretta utdanningstipend til studentar innan vernepleie, sjukepleie eller barnehagelærar. Stipendet er meint for deg som har starta på ein av desse studia. 

Bakgrunnen for innføring av utdanningstipend til desse tre utvalte studia er liten søkjarmasse og eit vedvarande behov for denne kompetansen i kommunen. Me har ordningar for støtte til utdanning til eigne tilsette frå før av, her ynskjer me å støtte studentar som ikkje er tilsett i kommunen, eller som ikkje kvalfisera til utdanningsstøtte som tilsett. 
Utdanningstipendet er meint som ei økonomisk bistand i studieløpet. 

 

Fulltidsstudent: Me gir totalt kr. 120.000 delt på 3 år. Summen blir fordelt på 6 semestre; kr. 20.000 per semester.

Deltidsutdanning: Me støttar også deltidsutdanning med same totale sum, 120.000 vert då fordelt på 4 år/ 8 semestre. Det utgjer kr. 15.000 per semester. 

Tilsettingsgaranti: I tillegg til utdanningsstipend får du garanti om fast stilling etter ferdigstilt studie på avtalt tid

Bindingstid: Du er forplikta til å arbeide i Vang kommune i 2 år etter ferdigstilt studie. Dersom du etter inngått avtale avsluttar studiet, ombestemmer deg, eller sluttar i arbeid før bindingstida er over, skal utbetalt stipend betalast tilbake til Vang kommune

Arbeid under studietida: Du må pårekne noko arbeid iløpet av studietida. Me ynskjer gjerne at du arbeidar i feriar og helg (for vernepleiar og sjukepleiar), omfang av arbeid vil bli avtala nærare med leiar. Du får sjølvsagt ordinær løn for arbeidet. 

 

Me ynskjer at du skriv ein søknad til oss innan fristen, der du skriv litt om:

  • Deg sjølv
  • Kva studie du går på
  • Litt om motivasjonen din for dette yrket/dette studiet
  • Kva omfang du ser for deg å kunne arbeide hjå oss i feriar og/eller helger

 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål!

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. jul 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 04. aug 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24