Frist utløpt

Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som vernepleiar.

Du er ynska hit til oss med di nyskjerrigheit, positivitet og gode samarbeidsevner.
Tilrettelagte tenester i Vang er i endring, difor treng me nye medarbeidarar. Me ser at våre tenester både endrar seg og aukar, og innhaldet i arbeidet vert variert og nyskapande.
Me ynskjer din kunnskap og bidrag i endringa, saman med fleire gode fagansvarlege. 
Du vert med på alt frå observasjon og kartlegging av bistandsbehov, oppstart av nye tenester, i tett samarbeid med eigne og andre faginstansar, tenestemottakarar og   
familiar. Du vil bidra inn i barneavlastning, private heimar, bufellesskap, arbeid/aktivitet og til tider samarbeide med skule/barnehage. 

Gode lønsvilkår for vernepleiarar og sjukepleiarar som rekrutteringstiltak i Vang kommune!

 

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid
  • Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6
  • Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Observasjon og kartlegging

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med 3-årig helse - og sosialfagleg utdanning oppmodast også til å søkje. 
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa
  • Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid
  • Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak
  • Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
  • Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Gode lønsvilkår for vernepleiar/sjukepleiar

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Kontormedarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule - 80 % fast stilling

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Vang kommmune
Søknadsfrist: 23. jun 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 3.gongs lysing

Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 24. jun 2024
Les mer om stillingen Rådgjevar - Beredskap, næring og bustadutvikling - 100 % fast stilling

Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Vang kommune
Søknadsfrist: 25. jun 2024
Les mer om stillingen Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt

Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 30. jun 2024
Les mer om stillingen Helgestillingar - Tilrettelagte tenester

Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Organist, 60% stilling, Vang i Valdres

Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Søknadsfrist: 15. aug 2024
Les mer om stillingen Trusopplærar, 20% stilling, Vang i Valdres

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24