Enkel adkomst frå Hørevegen, flott utsikt og mykje sol er noko av det du får i dette området i Høre.
Framsida Arbeid og bustad Bustader og tomter Tomter Spreidde tomter i Høre

Spreidde tomter i Høre

Eit område på 33 mål langs Hørevegen er sett av til bustadformål. Eigar Tor Emil Indsetviken er innstilt på å dele frå tomter om nokon ynskjer å byggje seg hus i Høre. 

Området ligg på oversida av Hørevegen om lag 400 meter vest for Høre stavkyrkje med avkøyring frå grendevegen. 

Her er gran- og furuskog, relativt flatt og gode soltilhøve heile vinteren. Kort veg til barnehagen og samfunnshuset i Høre, samt alt av servicetilbod i Ryfoss. 

Foreløpig er det ikkje sett nokon tomtepris i området. 

NB: Tomnteområdet er ikkje ferdig planlagt og godkjent enno, så det vil gå noko tid frå ein tek kontakt til ein kan starte å byggje.

Adresse
Hørevegen 
2973 Ryfoss

Seljar
Tor Emil Indsetviken
Mob: 40603646
E-post: tori@vfk.no

Nøkkelinfo

  • 2,5 mål store tomter
  • Sju tomter totalt
  • Kort veg til Barnehage og Ryfoss sentrum
  • Aktiv grend
  • Gode soltilhøve

Fleir Tomter