1625E1C7 98F3 47FD A9F3 927A5D30D3D2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Innhaldsrik husbyggjarkveld på 1724

Innhaldsrik husbyggjarkveld på 1724

22. november 2022
Mange tok turen då Innovangsjon forrige veke arrangerte husbyggjarkveld på Kontorfellesskapet 1724.

Kva skal eigentleg til for å realisere boligdraumen i Vang? Og kva moglegheiter finnes? 

Dette var den overordna agendaen for husbyggjarkvelden forrige veke. Representantar frå relevante fagfelt for eit husprosjekt var til stades, for å fortelje framtidige husbyggjarar i Vang kva for moglegheiter som finnes. 

Blant anna var fleire av tomteutviklarane frå det private marked til stades, deriblant Fjellheim Panorama v/ Geir Morten Sveberg og Kenneth Holien Eltun som satsar på bygging av funkisboligar, Klukkargrende v/ Jan Egil Jægersborg som tilbyr nøkkelferdige hus, og Krøssvøllhaugadn v/ Øyvind Leine Thune som stadig utvidar feltet vidare oppover lia mot Helin. Desse fortalte om status på sine felt og planar framover. 

Henrik Holen, avdelingsingeniør vatn og avløp frå kommuna fortalte om dei kommunale tomtene, både Steintræet, tomtene på Åsvang og sjølvsagt Føsselie i Ryfoss. Verdt å merke seg er også alle kompensasjonsordningar som Vang kommune vedtok i vår, desse kjem godt med uansett kor og korleis du velger å byggje hus. Tilskotsordninga kan du lese meir om her.

Aeralplanleggjar i Vang kommune, Magnus Lajord var og til stades på husbyggjarkveld. Han orienterte alle frammøtte om framtidige behov i kommunen, både med tanke på boligar, men og arbeidskraft - då spesielt innan helse og omsorgssektoren. 

Både Øye Bygg&Bo, Vang Bygg og Jotun Bygg var tilstades som representantar frå entreprenørane, i tillegg var Montér og på plass denne kvelden. Dei fortalte om kommunikasjon med husbyggjar og at det er viktig å komme i dialog så tidleg som mogleg i prosessen fram mot draumehuset. Valdres Sparebank var representert og orienterte om ulike måtar å finansiere eit boligprosjekt på. 

 

Fornøgd med kvelden 

Innovangsjon har fleire gonger arrangert ulike temakvelder, med godt oppmøte. No var det kjekt å endeleg vera i gang med slike kvelder att. 

- Dette var ein særdeles triveleg aften, og veldig kjekt å sjå alle saman! Det er viktig med slike møtepunkt der ein både kan få informasjon, diskutere eit felles tema og utveksle tankar og idear. Dette skal vi definitivt gjere meir av, seier Ida Nordland Hillestad i Innovangsjon. 

Næringsutviklar i Innovangsjon Dag Inge Bruflot fortel at det var særdeles kjekt å få informasjon om kommuna sine behov framover, med utgangspunkt i alderssamansetninga i Vang i dag. Både for nye stillingar innan helsesektoren, og behovet for tilrettelagte bustader.

- Alle desse skal bu ein stad, kanskje ha med seg partnar og familie? I sum vert det ganske mange fleire som skal bu i Vang i løpet av dei neste 5 - 8 åra. Det gjer oss moglegheiter som bør nyttast best mogleg for lokalsamfunnet, og framtida i Vang. Eg har trua, smiler Bruflot.