Skrive av Runar B. Baatevik - 02. februar 2017
Endeleg var det telefondekning, for første gong sidan Ljosland, og endeleg kan eg skrive nokre ord.

Endeleg var det telefondekning, for første gong sidan Ljosland, og endeleg kan eg skrive nokre ord. Fra Ljosland var det tjukt med nysnø, og heldigvis var vatna trygge å gå på. Det vart uansett nok basketak med setesdalsheienes heier, som er godt beskreve i mang ein Norge på langs blogg.

Det vart korte dagsetapper dei første dagane, laus snø og tung pulk gjorde sitt til det. Føler et déjà vu fra sykkelturen i Sør-Amerika kor eg gjorde same feilen og hadde med for mykje utstyr

På Gaukhei traff eg to vandrarar som også skulle gå NPL, Rita og Ine-Lill, og som attpåtil hadde vore på sydpolen. Dei gjekk berre med relativt lett sekk og eg fekk lære om kva ein har med og kva ein ikkje har med på tur, i tillegg til ein introduksjon til ‘ekspedisjonsgange,’ som er ein spesiell måte å gå på ski med noko som liknar passgang og hoftevridning og brukast på lange ekspedisjonar for å spare krefter.

Temperaturen var nede i 20 blå og det blei ei kald ferd videre mot Håhelleren, kor eg igjen kom fram til ferdig oppvarma hytte, Rita og Ine-Lill hadde komen fram før meg. Hytta er lita men med stor kosfaktor. Nå bestemte eg meg for å ta ei anna rute enn planlagt, og følgte i skispora til sydpolfarerne mot Taumehytta da ruta lå utafor kartkanten min.

Sol og tjukk tåke

Vidare nordover vart det væromslag, plussgrader og regn gjorde sitt til at eg angra på valet av bomull i både jakke og bukse. Stadig vidare nord over den veldige Blåsjøen kom eg inn i eit goldt polarlandskap med isglaserte steinar i eit mystisk landskap innhylla i tåke.

Utkjøyrd og gjennomblaut til skinnet etter regnvær og baksing med pulk i snøfattig landskap kom eg fram til Vassdalstjørn og tok inn på DNT hytta, kor eg kjente på kroppen at det var på tide med ein kviledag. Det vart ein dag med strålande solskin og fantastisk høgfjellslandskap, synd å gå glipp av ein slik dag til å orientere, men det er ein lang tur og viktig å ikkje ta det for hardt i starten.

Godværet haldt seg ikkje, og snart vart det atter skodde og dårleg sikt, nett når eg var på veg inn i eit landskap med klipper og skavlar det er vanskeleg å sjå i flatt lys. Vidare gjekk ferda ned på Kaldevatn, og etter noko tid kom tåka tjukk som risengrynsgraut. Kyrkjesteinskaret var neste, men i tjukk tåke ville det ikkje vera forsvarleg å navigere i slikt ulendt terreng. Neste dag var like ille, tjukk tåke og ti meter sikt gjorde sitt til at det vart ein kviledag. Angra på at eg ikkje preste på fra Vassdalstjørn og utnytta det fine veret.

Tryggheit på langtur

Med på tur har eg ein inReach nødpeilesendar som brukar satellittnettverk, som i tillegg til sos-funksjon kan sende sms og gje meg vermelding tre dagar fram, tryggheit når ein går åleine i fjellet i vekesvis. Denne kom godt med når eg låg verfast og kunne finne ut at morgondagen ville bringe både minusgradar, sol og god sikt.

Og heldigvis slo vermeldinga til, eg våkna opp til klar himmel, og det gjekk fint å koma gjennom skaret ned til naturskjønne Suldal. Krokete bjørker og furutre vitna om gamal skog som har fått stå i fred, og danna ein stor kontrast til polarlandskapet ved Blåsjøen. Vidare forbi Jonstølen og det spesielle rødlige fjellet Raudnuten mot Bleskestadmoen. Området er fullt av flotte fjellformasjonar og stølslandskap. Vidare over Holmavatnet til  Holmavatnhytta, før ferda endeleg gjekk mot Haukeliseter. Det var godt å sjå folk att, etter ei veke kor eg berre hadde vore i eigne tankar. På tre veker har eg berre truffe dei to polfararane, ellers har fjellet vore folketomt. Godt med ein dusj etter 3 veker! Så var det tid for proviantering, og eg måtte komme meg ned i bygda. Bussar er det ikkje mange av, så ein av gjestane som eg vart kjend med Kristoffer Bratteli ga meg ganske enkelt nøkkelen til bilen sin, så medan han var på topptur, tok eg bilen og fekk handla inn! Det må eg sei!

Etter ei varm seng, badstu og kalde øl er det tid for å begi seg vidare nord mot Hellevasshytta, i 15 minusgrader!

................................................................................................................................................

Runar Baatevik går Norge på langs for å samle midler til "Tak til Haiti" Du kan lese mer om saken her, og følge reisen på bloggen hans! 

Om Runar B. Baatevik

Runar B. Baatevik
Etter mange år utanfor Norges grenser, har Runar kome tilbake til gamlelandet, og byrja med ein skikkelig langtur. Dei neste månadene skal han gå Norge på langs frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord. Runar er lege og har dei siste månadene jobba med flyktningar i Hellas, og vore involvert i nødhjelpsarbeid i fjellheimen i Haiti etter orkan Matthew. Sjølv fleire månader etter orkanen er mange utan husly, og turen vil derfor sette fokus på innsamlingsaksjonen “Tak til Haiti!” Følg turen på bloggen: www.runarbatevik.wordpress.com!

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Runar B. Baatevik