Skrive av Runar B. Baatevik - 27. februar 2017
Eg hadde nokre travle dagar i Vang, kor eg forbetra noko utstyr, la att ting eg ikkje treng og fekk ein lang prat med friluftsguru og geitebonde Randi Ødegården som har gått både Norge og Spitsbergen på langs.

Eg hadde nokre travle dagar i Vang, kor eg forbetra noko utstyr, la att ting eg ikkje treng og fekk ein lang prat med friluftsguru og geitebonde Randi Ødegården som har gått både Norge og Spitsbergen på langs.

Eg fekk mange gode råd på vegen vidare. I tillegg har eg fått god hjelp av kartnerd Lars Østby Hemsing med navigering og rekognosering av snøforhold i Gudbrandsdalen. Mamma Mona Bjertnæs har tova votter og sydd på glidelåsforlengarar til pulktrekket, så blir det mykje lettare å handtere med store vottar! 

Ein vinter utanom det vanlege

Som alltid var det strålande sol på kviledagane (les fantastisk orienteringsver), som skifta til vind og dårlig sikt då eg igjen skulle ut på tur. Slik er det no ein gong. Isen på Bygdin hadde smelta i finveret, og eg vart derfor nødt til å legge om ruta, og gjekk oppe i fjellet på sørsida av Bygdin, gjennom dramatiske Yksndalen kor det er ei lite brukt DNT hytte som stammar frå tida då det var oksar i dalen om sommaren. Snø var det dårlig med, det er ein merkeleg vinter, og spesielt dårleg i Vang. Det er jo heilt utanom det ordinære at det ikkje ein gong er nok til å dekke lyngen over 1000 meter. Det var vind og plussgrader, og heldigvis skulle og og vinden same vegen! Eg bles bortetter Olefjorden og opp andre sida!

Veret klarna opp og eg fekk ein fantastisk dag langsmed Vinstervatnet i strålande solskin og i Valdres sitt flotte stølslandskap! Eg tok inn på Oskampen DNT hytte for å tørke opp før kulda kjem tilbake. Det var det fullt opp med hundekjørarar og nederlendarar, første hytte med folk så langt.

overjordisk, underjordisk og mystisk

No var eg spent på snøforholda nede i dalen, men det gjekk fint å koma seg ned til Skåbu og opp Murudalen. Dalen er lang og skogkledt, omkransa av høgfjell og veglause stølar, og har eit preg av det overjordiske, underjordiske og mytiske. I skogen var snøen så laus at eg sakk ned til knes, dalen gjorde sitt beste for å halde meg att: “Her skal du bli, og vil du ikkje så skal du iallefall jobbe for å få reisa!”

Det tok si tid, men eg kom meg vidare opp fjellet, ned til Faukstad, opp fjellet på andre sida og ned til Otta. Det var heldigvis akkurat nok snø til å gå med pulk. Og det var på tide å koma fram, ein pose potetmos og to posar suppe var det som var att av provianten.

................................................................................................................................................

Runar Baatevik går Norge på langs for å samle midler til "Tak til Haiti" Du kan lese mer om saken her, og følge reisen på bloggen hans! 

Om Runar B. Baatevik

Runar B. Baatevik
Etter mange år utanfor Norges grenser, har Runar kome tilbake til gamlelandet, og byrja med ein skikkelig langtur. Dei neste månadene skal han gå Norge på langs frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord. Runar er lege og har dei siste månadene jobba med flyktningar i Hellas, og vore involvert i nødhjelpsarbeid i fjellheimen i Haiti etter orkan Matthew. Sjølv fleire månader etter orkanen er mange utan husly, og turen vil derfor sette fokus på innsamlingsaksjonen “Tak til Haiti!” Følg turen på bloggen: www.runarbatevik.wordpress.com!

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Runar B. Baatevik