Skrive av Runar B. Baatevik - 16. februar 2017
No byrja det for alvor å minke på avstanden til Vang, og dagen etter kom en til kjende trakter når eg gjekk forbi Sulebu og til Filefjell.
Kviledag på Haugastøl

Etter ein kviledag på Haugastøl bar det vidare nordover mot Hallingskarvet og Skarvheimen. Eg var noko usikker på om eg skulle gå over eller rundt Hallingskarvet, men valgte gjennom. Tanken var å komma ned på andre sida å slå opp telt, men det var berre så utruleg vakkert, at eg bestemte meg for å tilbringe natta i Lordehytta i Folarskardet. Hytta vart bygd i 1880 av Lord Garvagh, og står open for den som har forvilla seg opp hit. Det vart ein del snømåking før eg kom inn og innstallert med i hytta, men når ein får ein slik historisk overnattingsmulighet, lyt ein benytte seg av han! Ned fra Folarskardet var det bratt, særs bratt. Eg vart nøydt til å tjore skia til pulken, ha pulken foran meg og ta beina fatt. Eitt skritt i gongen, byrjar ein først å skli, kan det vera vanskelig å stoppe, men moro var det! God sikt gjorde det lett å orientere. Til vanleg er eg rett glad i dårleg ver, men er ein ute heile dagen, gjer det så godt med litt solskin! Stor kontrast til både det flate landskapet og den grauttjukke sikta over Hardangervidda.

Skarvheimen

Vidara gjekk ferda over Strandavatnet og Stolsvatnet, to store demma vatn og eg har derfor vore i kontakt med damvoktar og bestyrar på Lungsdalshytta for å høre om vatna var farbare, og det var dei. Det hadde vore kaldt den siste tida, og alle vatn til no har vore trygge, men det er lurt å sjekke med lokalkjende. Eg fortsatte mot Bjordalsbu kor eg møtte på tilsynsmannen, ein grunneigar fra Borgund. Det er mykje godt arbeid som blir lagt ned i å halde hyttene i stand! No byrja det for alvor å minke på avstanden til Vang, og dagen etter kom en til kjende trakter når eg gjekk forbi Sulebu og til Filefjell. På GPSen har eg plotta inn posisjonen til DNT hyttene på turen, og ser avstanden minke dag for dag. Siste dagen var fantastisk og vart avslutta med ein fargesprakande solnedgang, som du kan sjå på bildet under frå Suletinden. Eg føler meg så privilegert som har muligheita til å oppleve alt dette!

Om ski og slikt

Eit lite etterord om Åsnesskia mine. Eg har hatt dei nokre år, og vore veldig nøgd med dei, men har brukt dei sparsomt ettersom eg ikkje har budd mykje i Norge. Dei har sjølvsagt fått brukt seg ordentlig på denne turen, men etter berre omkring 100 kilometer, ein stad mellom Krossvatn og Kyrkjesteinskaret starta stålkantane på begge skia å løsne. Då eg kom til Haukeliseter, ringde eg til Sporten på Beitostølen, som tok kontakt med Åsnes og etter berre eit par timar fekk eg melding om at nye ski ville vente på meg og eg kunne plukke dei opp når eg skulle ha nokre kviledagar i Vang. God service der altså, og god service fra Åsnes ettersom eg fekk nye ski utan problem, men det er likevel for dårleg levert av Åsnes. Det skal vera eit kjend problem, og eg har høyrd om nokon som har fått bytta skia ut 8 gonger grunna same problem. Det er vel snart på tide dei klarar å løyse dette?!


................................................................................................................................................

Runar Baatevik går Norge på langs for å samle midler til "Tak til Haiti" Du kan lese mer om saken her, og følge reisen på bloggen hans! 

Om Runar B. Baatevik

Runar B. Baatevik
Etter mange år utanfor Norges grenser, har Runar kome tilbake til gamlelandet, og byrja med ein skikkelig langtur. Dei neste månadene skal han gå Norge på langs frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord. Runar er lege og har dei siste månadene jobba med flyktningar i Hellas, og vore involvert i nødhjelpsarbeid i fjellheimen i Haiti etter orkan Matthew. Sjølv fleire månader etter orkanen er mange utan husly, og turen vil derfor sette fokus på innsamlingsaksjonen “Tak til Haiti!” Følg turen på bloggen: www.runarbatevik.wordpress.com!

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Runar B. Baatevik