Skrive av Runar B. Baatevik - 21. mars 2017
Etter Otta bar det langsmed gamlevegen opp til Mysusæter forbi Kvitskriuprestin, kor eg møtte ordføraren i Sel, som hadde mange gode lokalhistorier på lager.

Etter Otta bar det langsmed gamlevegen opp til Mysusæter forbi Kvitskriuprestin, kor eg møtte ordføraren i Sel, som hadde mange gode lokalhistorier på lager.

Kvitskriuprestin er nokre merkelege steinformasjonar laga ved erosjon, som kun finst to stader i Norge. Vidare bar det opp i Rondane i strålande solskin inn til Rondvassbu. Turisthytta var stadig stengt, men det var god stemning i sjølvbetjeningsdelen, med folk frå Norge, Nederland og USA. Kjekt med litt selskap!  På nordsida av Rondane var det nesten ikkje snø, og det vart ein del sikksakking mellom barrabbane. Eg slo opp telt ved Dørålseter, og heldigvis kom det snø den natta!

Frå laussnø til riksveg

Turen inn mot Folldal gjekk fint, og siste biten gjekk langs snødekt, usalta og ugrusa riksveg! Etter litt proviantering på coopen i Folldal, gjekk turen videre i skiløype til Grimsbu. Det er tydeleg at dette er hundekjøringsterritorium, det er mange hundekjøringsløyper og fleire stader er det hundegardar med over 10 trekkhunder som står og gaular når eg kjem forbi. Vidare gjekk turen forbi Savalen til vakre og historiske Vingelen, innom Dalsbygda før eg kom fram til Røros. Frå å gå på kompasskurs i whiteout over Hardangervidda har eg no følgt mykje veg og skiløype. Nokre vil kanskje seie at det tek vekk litt av gleda ved ein slik tur, men det er eg ikkje einig i! Det er ikkje vanleg å bruke ski til framkomstmiddel no til dags, så det er ein ny opplevelse. Det er også fint å få med seg noko kulturlandskap i bygder og stølsgrender på turen! Bakdelen er sjølvsagt at det slit på utstyret. Sjølv om eg har vore forsiktig og bert pulken når eg skulle krysse bar veg, kunne eg konstatere når eg var komen til Røros at det var hol i pulken.

Om høgfjell og granbarte

Landskapet har endra seg, frå å gå nesten kun i høgfjellet oppetter Setesdalsheiene, over Hardangervidda og i utkanten av Jotunheimen, har eg no vandra ein del i skogområde. Det har vore opp i fjellet og ned i den lause snøen i skogen og dalen att på same dag. Det merkar ein godt når ein smeltar snø, og teen får ein god smak av gran og furu samt ein desj med lav. Gode greier! Te på granbar skulle elles vera ein god kur mot skjørbuk i gamle dagar. No skal det elles seias at risikoen for å få skjørbuk når ein går Norge på langs er heller liten, og skulle det skje, er skogen ikkje langt unna. 

Fjellets stillheit?

Noko av det gode ved å vera på tur i så lang tid, er vera vekk frå all motordur og anna støy. Heime er det alltid eit eller anna elektrisk apparat som larmar, kjøleskåp eller vaskemaskin, det er alltid noko. Ute i villmarka er det berre vind og vatn og nokre fuglar som gjer noko ut av seg. Men er det slik? Noko som overraska meg, er kor mykje flydur det er i fjellet! Det er fleire fly i timen, langt inne på vidda, og dei gjev mykje lyd! Når eg kom lengre mot aust har det også vore ein del jagarfly, og det går ikkje akkurat stille for seg. Så det er godt å nyte stillheita, så lenge ein kan venne seg til flya.

Så vart eg nyheitstoff!

På veg inn til Røros kjem det ein tilfeldig forbipasserande og spør kva eg driv med. Eg seier at eg held på å gå Norge på langs, og han svarar at han skal tipse ein journalist med det same. For som han seier på Rørosmål: “Vi like at folk kjæm te Røros.” Eg nådde så vidt fram til Erzscheidergården Hotell på Røros, innan journalist Tore Østby frå Røros Nytt kjem. Det vart nokre hurtige bilde og eit videointervju. Du må gjerne kike på saka.

Om Runar B. Baatevik

Runar B. Baatevik
Etter mange år utanfor Norges grenser, har Runar kome tilbake til gamlelandet, og byrja med ein skikkelig langtur. Dei neste månadene skal han gå Norge på langs frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord. Runar er lege og har dei siste månadene jobba med flyktningar i Hellas, og vore involvert i nødhjelpsarbeid i fjellheimen i Haiti etter orkan Matthew. Sjølv fleire månader etter orkanen er mange utan husly, og turen vil derfor sette fokus på innsamlingsaksjonen “Tak til Haiti!” Følg turen på bloggen: www.runarbatevik.wordpress.com!

Bildegalleri

Flere bloggposter fra Runar B. Baatevik