Frist utløpt

Fredheim barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leier. Stillinga er ledig frå 01.01.2021.


Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjerte pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt tredje år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?

Fredheim barnehage er lokalisert i Vang sentrum. Barnehagen held til i flotte og nyoppussa lokalar, og har utedagar i naturskjøne omgjevnadar.

Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Me ser etter deg som er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er strukturert og endringsvillig
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov - og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Flyttegodgjersle etter kommunens reglement 
     

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
 
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida til Vang kommune.

Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Karin Trøen, tlf. 61 36 94 90 - 928 912 31 eller kommunalsjef Tommy-René Stordal 61 36 94 20.


Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24