Nyheit

20 stillingar ute i fjellbygda Vang

  Nyheitsarkiv
04. okt 2016
Haustkveld på Vennis i Vang med utsyn mot Grindane (1724 moh.).
Trygg oppvekst, bra folk og heftig natur øvst i Valdres

Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er stillingane.

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter. 

i Vang får alle barnehageplass umiddelbart og frå nyttår 2017 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no

No er det tjue ledige stillingar i bygda, noko som betyr at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang, kan finne jobb i Vang.

Drivar av sportsbutikk,  sjukepleiar, helsefagarbeidar, bilmekaniker, etatsjef Vang kommune, rekneskapsførar/dagleg leiar, butikkmedarbeidar, snekker, vernepleiar, miljøarbeidar, barne- og ungdomsbibliotekar og røyrleggar er fagområda ein søker arbeidskraft innan no.