Assistent

Assistent - VBU

Stilling ledig for snarleg oppstart

Vang barne- og ungdomsskule
Inntil 90 % mellombels stilling for assistent skuleåret 2016/2017. Stillinga er knytt til småskuletrinnet. Vi søkjer ein fleksibel og samarbeidsvillig person som har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.

Personleg eigenheit vil bli vektlagt.

Spørsmål om stillinga kan rettast til etatsleiar Jon Eggen tlf 901 86 731 eller rektor Tor Nordaas tlf 470 87 727.

Vi tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Ved tilsetjing må ein leggje fram gyldig politiattest.

Merk søknad til Vang barne- og ungdomsskule  med ”arkivsak 16/865” .

Send søknaden elektronisk via våre nettsider: www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161,  2975  Vang i Valdres innan 28. oktober 2016.

OPNE ANNONSE