Frist utløpt

Vang kommune har ledig ei spennande nyoppretta stilling som utviklingsjukepleiar i 100 % fast stilling, stillinga ligg til VHT - Vangsheimen og heimetenesta. 

Vang kommune er i gang med ei betydeleg satsing for å gjere velferdsteknologi til ein integrert del av del av pleie- og omsorgstilbodet til våre brukarar. Dette skal bidra til at menneske med funksjonsnedsettingar skal kunne oppleve tryggleik, meistring av eigen livssituasjon og moglegheit til aktiv deltaking i samfunnet. For å sikre dette er det behov for få på plass ei rekkje ulike digitale løysingar, og der kjem du inn i bildet! 

Du vil ha hovudansvar for utvikling av velferdsteknologi innan sektoren helse og omsorg, og også ansvaret for ordinær fagutvikling ved VHT (utarbeide/oppdatere, implementere, opplæring i og følge opp rutiner og prosedyrer på for VHT/ på avdelingane). 

Stillinga er per no ei dagstilling (mån-fre) med fleksibel arbeidstid. Det kan bli aktuelt å legge til helgearbeid til stillinga fram i tid. 

Me kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Stor sjølvstende i å strukturere eigen arbeidskvardag
  • Fleksibel arbeidstid og dagarbeidstid (mån-fre)
  • Engasjerte kollegaer og et godt arbeidsmiljø med fokus på kunnskapsdeling og samarbeid
  • Gode forsikringsvilkår og pensjonsvilkår (medlemskap i KLP - eit av landets beste pensjonsordningar)
  • I Vang er det godt å bu! (sjå nedst i annonsa) og Vangsfilmen her: https://vimeo.com/127479263 
  • Lønn etter avtale
  • Me kan hjelpe til med å ordne bustad

 

Arbeidsoppgåver

  • Representere kommunen innan velferdsteknologi og andre utviklingsområder lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Kartlegge - implementere - drifte saman med leiarar, brukarar, pårørande, tilsette, leverandørar og IKT
  • Opplæring (tilsette, brukarar og pårørande) 
  • Fagleg oppfølging og veiledning av tilsette
  • Utarbeide/oppdatere rutiner/prosedyrer 
  • Prosjektleiing i digitale prosjekt
  • Veilede og bistå leiarar i planarbeid, kartlegging, rapportering og prioriteringar
  • Samhandle tett med tenesteområdene og IKT Valdres
  • Gevinstrapporteringer/synligjering internt, lokalt og opp mot Helsedirektoratet
  • Ansvar for å søke prosjektstøtte, herunder implementering, oppfølging og rapportering
  • Leiarstøtte til avdelingsleiarar VHT /Leiar VHT
  • Tverrsektorielle prosjekter vil kunne tilkomme
  • Andre oppgaver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie eller anna relevant 3-årig utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå kommunal sektor (Helse og omsorg) innan drift og/eller utvikling
  • Erfaring med velferdsteknologi og interesse for framtidas helse- og omsorgstenester
  • Ynskjeleg med innovasjonskompetanse
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • God forståing for moglegheiter innan digitalisering
  • Gode datakunnskapar
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Må kunne jobbe sjølvstendig og målretta
  • God til å motivere og engasjere
  • Evne og vilje til å stå i utfordringar
  • God på relasjonar og nettverksbygging
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med tilsette/kollegaer, innbyggjarar og samarbeidspartnarar
  • Du er resultatorientert og får ting gjort
  • Nytenkjande og initiativrik, evne til å sjå etter nye løysingar som gjer det enklere for innbyggjarar og tilsette
  • Analytisk og strukturert
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Gyldig politiattest skal leggast fram før oppstart i stillinga.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24