Frist utløpt

I rolla som dagleg leiar er du hovudansvarleg for å leie og utvikle Mountains of Norway SA.

  • Rapportering til styret - i Mountains of Norway jobber dagleg leiar saman med styret om dei større sakene
  • Strategi - marknaden og våre medlemmar er heile tida i endring, dagleg leiar er hovudansvarleg for strategiarbeidet med hjelp fra styret
  • Marknadsutvikling - ein stor del av jobben handlar om å skape interesse for fjellregionen, og sørge for at turoperatørane blir kjent med alle moglegheitene i fjella våre.
  • Visningsturar - visningsturar er eit avgjerande tiltak for å utløyse sal.
  • Møter, messer og workhops - Salsutløysande kunnskap haustast ofte over ein kopp kaffi. Du må difor pårekne noko reising for å møte turoperatørane på deira heimebane, sjølv om mykje av jobben gjerast over nett.
  • Medlemspleie og rådgjeving - i arbeidet med turoperatørar får du eit unikt innblikk i kva som rører seg ute i marknadane, og denne kunnskapen nyttar og deler du til det beste for medlemmane.
  • Samlingar for medlemmane - Mountains of Norway er og eit fellesskap for medlemmane, to gånger i året har Mountains of Norway samlingar for dei.
  • Samarbeid med Visit Norway og andre destinasjonsselskap
  • Nettsida
  • Personalleiing - for tida er det berre ein stilling i Mountains of Norway, ved fleire tilsetjinger vil dagleg leiar ha personalansvar.

Kven er du?

  • Bakgrunn og utdanning

Du er utdanna og/eller har relevant erfaring innanfor reiseliv, sal eller kommunikasjon og marknadsføring. Du pratar og skriv både norsk og engelsk utan problem, uansett om det er detaljerte turbeskrivingar eller joviale funfacts du skal servere. Andre språk er ein bonus, men ikkje avgjerande.

  • Personlege eigenskapar

Fyrste bod er at du er oppriktig glad i fjellet, men du bør trivast (nesten) like godt på tynn is som på solid grunnfjell. Du er flink til å systematisere, planlegge og vera eit steg i forvegen, slik at du kan tilrettelegge for at dei rundt deg får så gode opplevingar og arbeidsvilkår som mogleg, og for at samarbeidspartnarane våre får den oppfølginga dei fortener.

Praktiske greier

Valdresekspressen og Øst-Vestekspressen stoggar rett utanfor kontordøra vår, men av praktiske omsyn må du ha førarprov og disponere eigen bil -- sjølv om me gjerne ser at du nyttar kollektivtransport i jobben så ofte som mogleg.

Me tilbyr ein arbeidskvardag som består av kontrollert kaos og masse meiningsfylte oppgåver for deg som brenn for eit bærekraftig reiseliv i fjellheimen.

Løn og vilkår

Løn og øvrige vilkår blir me samde om i løpet av tilsetjingsprosessen. Mountains of Norway har base på Kontorfellesskapet 1724 i fjellbygda Vang i Valdres, i lag med fleire andre fjellbaserte gründerbedrifter. For den rette kandidaten kan det alternativt tilretteleggjast for kontorplass på Fagernes eller Otta.

Søknadsfrist og tilsetjing

Stillinga er fast (100% stilling). Søknad med relevante vedlegg sendast seinast fredag 19. januar til post@mountainsofnorway.com. Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar. Tilsetjing etter nærmare avtale i løpet av sumaren.

  • Sjå utlysninga på våre heimesider: https://b2b.mountainsofnorway.com/about/ledig-stilling-dagleg-leiar/

Mountains of Norway er eit samarbeid mellom Nasjonalparkriket og Visit Valdres. Vår jobb er å styrke opplevingsturismen i fjellheimen på vegne av medlemmane våre, gjennom å utvikle og selje fjellopplevingar til internasjonale turoperatørar som sender framtidas aktive gjester til fjells. Vi jobbar på vegne av heile verdikjeda i reiselivet, og Tyskland, Sveits, Austerrike, Nederland, Belgia, Sverige og England er våre primærmarknader.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24