Reportasje

Kommune, næringsliv og Innovangsjon samarbeider om tidenes jobbkampanje i Vang. 

 Frå Jotunheimen til Vangsheimen – dette er dei ledige stillingane

Dag Inge Bruflot

Finn du ikkje jobben du drøymer om her? Anten du vil sende over CV, lansere ein bedriftsidé eller berre ta ein prat om Vang, kontaktar du næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
daginge@vangivaldres.no // 958 73 757

 

Hallgrim Rogn

Anten du har vage tanker om Vang eller du heilt konkret ser etter tomt eller bustad, er Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn mannen å kontakte. 
hallgrim@vangivaldres.no // 41222769

 

Fleire bilete

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.

Her får alle barnehageplass umiddelbart og hausten 2016 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no

No er det tretti ledige stillingar i kommunen, noko som gjer at anten du er frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Tingvang kan finne jobb i Vang. Snekker, tømrer, barnevernspedagog, miljøarbeidar, personleg assistent, rørleggar, fjellstuedriver, vernepleier, hotellpersonell, butikkmedarbeidar,assistent, kontorsjef, prosjektleder, pedagog og lærer er fagområda ein søker arbeidskraft innan no.