Helgestillingar i pleie- og omsorg

Helgestillingar i pleie- og omsorg

To stillingar på helg ved langtidsavdelingane på Vangsheimen

Helsefagleg utdanning og erfaring frå arbeid innan pleie- og omsorg er eit føremonn, men ikkje eit absolutt krav.  Studentar/elevar oppmodast til å søkje. 

Du må
  • bry deg om, vise respekt for og ta omsyn til andre menneske
  • kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • vera lojal, stabil og fleksibel
  • god skriftleg og munnleg norskkunnskap

Vang kommune tilbyr utfordrande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.

Ved intern tilsetjing blir ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk til www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.

OPNE ANNONSE