Kontorsjef med fagbrev snekker

Kontorsjef med fagbrev snekker

Jotun bygg søker snekker med fagbrev til 100 % stilling med hovudvekt på administrative oppgåver.

Sidan midt på nitti-talet har Jotun Bygg levert alt av tørmar– og betongarbeid til godt nøgde kundar på heile Austlandet. Hovudtyngda av arbeid er i Vang, Valdres og dei nærliggande kommunane.Ordreboka er no full i lang tid framover, og selskapet søkjer etter ein pliktioppfyllande person med fagbrev som kan ta kontrollen på kontordelen av drifta.

Om den rette personen dukkar opp, som ser langsiktig på livet i Vang, er det mogleg å verta medeigar i bedrifta.

Selskapet har åtte tilsette. Meir informasjon om bedrifta finn du på heimesidene.

Arbeidsoppgåver

  • Rekning på anbud
  • Teikning, småskala
  • Fakturering
  • Lønnskjøring
  • Kundekontakt
  • «Å sjå på jobbar»
  • Dagleg kontorarbeid
Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og erfaring som snekkar
  • Grei datakunnskap
  • Erfaring med teikning
Vi tilbyr

  • 100% stilling
  • Eige kontor
  • Løn etter avtale
  • Hjelp med å finne bustad
  • Mogleg medeigarskap i bedrifta på sikt

For spørsmål kring stillinga, kontakt dagleg leiar Geir Morten Sveberg tlf: 996 90 630 // geir@jotun-bygg.no

Enkel søknad og CV sender du også til geir@jotun-bygg.no

Søknadar vert vurdert fortløpande og seinast 12. februar