Frist utløpt

Vang kommune i Valdres har ledig 100 % fast stilling som bibliotekar/bibliotekmedarbeidar.

Vang folkebibliotek, som held til på Vangstunet i Vang sentrum, er ei avdeling i etat for utdanning og kultur og har ca. 2 årsverk. Biblioteket har lyse og flotte lokale, og er ein aktiv kulturinstitusjon i kommunen.
Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Vi har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres. Det siste året har vi m.a. hatt barnehagebesøk, høgtlesing på aldersheim, festivalbibliotek på Vinjerock og i tett samarbeid med skulen og skulebiblioteket arrangert 3 veker litteraturfestival for 1.-10. klasse og barnebokbad.

Vang frivilligsentral er samlokalisert med biblioteket. Saman tilbyr vi mange ulike arrangement som digikafe, språkkafe, kviss, kreative verkstad og konsertar m.m.

 

Arbeidsoppgåver

I denne stillinga skal du mellom anna: 

  • ha faste skrankevakter med vanleg publikumsarbeid, også kveld og helg (kvar 3-laurdag)
  • formidle litteratur både i og utanfor det fysiske biblioteket
  • vere med å halde biblioteket sine samlingar allsidige og aktuelle
  • samarbeide og samskape med innbyggarar, lag og foreiningar
  • delta i arbeidet med å utvikle biblioteket til ein attraktiv og inkluderande stad å vere
  • vere med på å marknadsføre biblioteket i sosiale media
  • katalogisere m.m., dersom du har bibliotekutdanning

Kvalifikasjonar

Du som skal jobbe hjå oss

  • er levande oppteken av litteratur og formidling
  • har gjerne relevant utdanning
  • har gjerne erfaring med bibliotekarbeid
  • har interesse for litteratur og biblotekarbeid
  • har god digital kompetanse
  • har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg tilsvarande minimum B2

Personlege eigenskapar

Vi ønsker ein kollega med godt humør, kreativitet og lyst til å utvikle bibliotektenester for og med innbyggarane i Vang. Du har gode samarbeidsevner, er allsidig og glad i folk. Du bør vere komfortabel med å snakke i forsamlingar. Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt. 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø
  • arbeidstid i arbeidsplan som omfattar kveldsvakter og laurdagsvakter. Ein må også rekne med noko arbeid på kveld i samband med arrangement
  • løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vang kommune nyttar nynorsk som målform
Tilsetting skjer på gjeldande vilkår i kommunal sektor

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24