Frist utløpt

Er du flink med barn og ynskjer å arbeide som barne- og ungdomsarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule? Vi søkjer no etter fagarbeidarar frå hausten 2024, både barne - og ungdomsarbeidarar og helsefagarbeidarar.

Barna våre fortener det beste! Vi søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med mål om robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Stillinga følg ikkje skuleåret, du må pårekne arbeidstid i haust- og vinterferie samt inntil fire veker i skulens sumarferie

Vi tilbyr:

Eit profesjonelt læringsfellesskap der samabeid om barnets beste står i sentrum
Gode faglege og personlege utviklingsmogelegheiter
Lønn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ved intern tilsetjing kan andre stillingar bli å tilby søkjarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av elevar i skulekvardagen, fagleg og sosialt
  • Ta del i arbeidet med å legge til rette og gjennomføre aktivitetar knytt til enkeltelevar og elevgrupper
  • Medverke til eit trygt og godt skulemiljø
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • Fortrinnsvis relevant erfaring innanfor fagfeltet
  • Anna relevant utdanning og/eller erfaring kan vege opp for manglande fagbrev
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest må leverast før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggje gode relasjonar til barn og vaksne
  • Evne til å arbeide målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fokus på læring og utvikling hjå elevane
  • Lojal i beslutningsprosessar og oppfølging av desse
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og ansvarsbevisst
  • Tydeleg, raus og trygg i vaksenrolla
  • Personleg egnetheit vil bli vektlagt

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24