Frist utløpt

Er du vår nye kollega? Frå skulestart haust 2024 har me ledig fleire lærarstillingar og spesialpedaogstillingar, både faste og mellombelse.

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter. Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg. 
Me ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.

Sjå artikkel om Vang barne- og ungdomsskule i Utdanningsnytt av 29.09.23: https://www.utdanningsnytt.no/barnehage-kvalifiserte-laerere/kvalifiserte-laerere-her-er-superkommunen/374717 

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der eleven si læring og utvikling står i sentrum. Me har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Skulen har integrert SMART-oppvekst i sin skulekvardag. Me søkjer etter deg som er fagleg sterk og engasjert lærar, og som brenn for elevane si læring og trivsel!

Me ser særskilt etter deg som har kompetanse innan: 

  • Nybyrjaropplæring
  • Mellomsteg
  • Ungdomssteg
  • Særskilt språkopplæring
  • Spesialpedagogikk: Barnesteg, mellomsteg og ungdomssteg

Kva kan me tilby?

  • To-lærar system i nesten alle fag/timar - to faglærte lærarar uavhengig av klassestorleik
  • 100 % dekning med kvalifiserte lærarar
  • Ein nyrenovert skule med stor fleirbrukshall (klatrevegg, basseng mm)
  • Arbeidsplass med flotte uteareal og tilgang til natur og friluftsliv frå dørstokken
  • Fokus på aktiv læring og bruk av naturen
  • Friluftsaktivitetar, oppleving og utflukter på alle trinn
  • Ei allsidig personalgruppe med svært godt arbeidsmiljø! 
  • Fleire sosiale (frivillige) aktivitetar kvar veke etter skuletid
  • Faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit svært bredt fagmiljø med lærarar, fagarbeidarar, pedagogar, helsesjukepleiar, spesialpedagogar, skulebibliotekar og vernepleiarar
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Me kan hjelpe til å ordne bustad
  • Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår

Det kan bli aktuelt med prøveundervisning som del av vurderingsgrunnlaget i rekrutteringsprosessen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og lede elevens læring, individuelt og i team
  • Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
  • Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
  • Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
  • Fordel med utdanning innan: Spes.ped, nybyrjaropplæring, 5-7 trinn, 8-10 trinn eller språkopplæring
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • Fleksibel, positiv og løysingsorientert
  • Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

 

  • Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24