Frist utløpt

Vang kommune søkjer etter pedagogiske leiarar i barnehagane Fredheim bhg og Høre bhg frå august 2024, både faste og midlertidige stillingar.

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte pedagogar som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?

Til faste stillingar ligg det flyttegodtgjersle og redusert husleige som rekrutteringstiltak, etter kommunen sine retningslinjer. Me kan også hjelpe til med å skaffe bustad.

Kva kan me tilby?

  • Gode lønsvilkår for pedagogiske leiarar
  • Flyttegodtgjering om du flyttar til Vang kommune (gjeld fast stilling)
  • Redusert husleige første tilsettingsåret (gjeld fast stilling)
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Ein barnehage med stort inneareal, gymsal og store og gode uteområder
  • Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Me kan hjelpe til å ordne bustad
  • Gode forsikrings - og pensjonsvilkår

Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og overordna administrativt og pedagogisk ansvar
  • Ansvar for å gjennomføre og synliggjere pedagogisk utvikling
  • Betrakte barnehagen som heilheit og ha omsorg for alle barn

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er supermotivert til å arbeide med barn.
  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er strukturert og endringsvillig
  • er fleksibel
  • er lærevillig, trygg og ansvarlig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

  •  Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. 
  • Ved tilsetjing skal gyldig politiattest leverast før oppstart

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. mai 2024
Les mer om stillingen Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. mai 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat - 2.gongs lysing

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24