Vang kommune har frå 1. mai 2024 ledig et årsvikariat for 50 % som sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut ved psykisk helseteneste.
Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar. Til dømes livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt.
Me søkjer ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande psykisk helsearbeid. Fagleg utvikling står i fokus.
Psykisk helseteneste er organisert i Helseavdeling og består av helsestasjon og skolehelseteneste, psykisk helseteneste, kommunal fysioterapeut, ergoterapeut, kommune psykolog (Øvre Valdres) og frisklivsrettleiar.
Psykisk helsteteneste består av 3 stillingar inkl fagleiar.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og behandling av personar med psykiske utfordringar/lidningar
- Leie gruppetilbod/undervisning/meistringskurs
- Pårørendearbeid
- Delta i forebyggende arbeid
- Dokumentasjon
- Tverrfagleg samarbeid intern og eksternt
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som har:
- Norsk autorisasjon sjukepleiar/vernepleiar
- Fortrinnsvis vidareutdanning i psykisk helse og rus
- Anna relevant bachelor innan helse- og velferd, i kombinasjon med relevant vidareutdanning/erfaring frå arbeid med psykisk helsearbeid, kan og vurderast
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Førarkort kl B og disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein dyktig medarbeider som :
- Har stort engasjement for fagfeltet
- Kan arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
- Har god arbeidskapasitet, gjennomføringsevne og fleksibilitet ifht arbeidsoppgåver
- Er ein god lyttar og har gode kommunikasjonsevner
- Er fleksibel og løysingsorientert
Stillinga krev politiattest. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseheving
- God pensjonsordning og forsikringsvilkår
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Konkuransedyktig lønn etter avtale og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Forskjellige økonomiske rekrutteringstiltak som nedbetaling av studielån eller flyttegodtgjersle
- Det kan vere aktuelt med støtte til relevant videreutdanning
- Dagarbeid med noko muligheit for fleksitid
Sjå meir på www.vangivaldres.no og https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!