30. oktober 2022
Pensjonistlaget på tur i eige nærmiljø
40 forventningsfulle pensjonistar er samla på den opne plassen på Slettane i Øvre Dalen. Nokon registrerer frammøtte, dei fordeler seg i bilane og så bêr det oppover ein smal og bratt grusveg med krappe hårnålssvingar. Nokon har grua seg til sjølve køyreturen, men det som ventar på toppen overvinn frykta. Vang pensjonistlag skal på tur i eige nærmiljø!