Arealplanleggjar (2 stk)

Arealplanleggjar (2 stk)

Er du Vang kommune sin nye arealplanleggjar?

Kort om stillinga

Vang kommune har ledig to faste stillingar i 100% som avdelingsingeniør for arealplanlegging. Stillingane er knytt til landbruk og teknisk etat, og vi søkjer deg som vil vera med å utvikle eit godt fagmiljø med interessante arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø. Som arealplanleggjar vil du samarbeide med politikarar, næringsliv, utbyggarar, innbyggarar og andre offentlige aktørar som har oppgåver innan arealforvaltning.

Arbeidsoppgåver
  • Utarbeide kommuneplanens arealdel, reguleringsplaner og andre tematiske planer innanfor fagområdet
  • Rettleie, kvalitetssikre og saksbehandle private reguleringsplaner for politisk behandling
  • Førebu og leggje fram saker for politiske utval
  • Framskaffe beslutningsgrunnlag for politikarar
  • Ajourføre digitalt planregister
  • Generell informasjon og publikumskontakt
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov
  • For rette vedkomande kan 20% stilling som beredskapskoordinator bli lagt inn i stillinga 
Kvalifikasjonskrav
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring frå arbeid i forvaltninga vil bli tillagt vekt
  • God kjennskap til lov- og avtaleverk for arealforvaltning
  • Gode datakunnskapar, særskilt innan geografiske informasjonssystem (GIS)
  • God evne til utrednings- og analysearbeid
  • Personleg eignaheit
Vi søkjer deg som
  • Likar å ta utfordringar
  • Har god samfunnsforståing og interesse for samfunnsutvikling
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel og kan takle ein krevjande arbeidskvardag
  • Kan handtere interessekonflikter som kan oppstå i samband med arbeidet
  • Er engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsvilkår, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad. Vang kommune har nynorsk som målform. Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Vedkomande må ha sertifikat og stille bil til disposisjon. Bilgodtgjersle etter statens reiseregulativ.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å ta kontakt med etatsleiar Terje Hålien på tlf. 61 36 94 71 / 970 85 100.

Søknad merka arkivsak nr. 19/202 blir å sende elektronisk via heimesida vår

www.vang.kommune.no innan 5. april 2019.

OPNE ANNONSE